| Du må logge inn for å se denne siden | ||
SofapartietNyleg var eg i Oslo og høyrde Jens Stoltenberg, listetopp for Oslo Ap. Jens heldt eit inspirerande innlegg – mellom anna om Sofapartiet – og det han sa traff meg midt i hjarterota:På ei meiningsmåling hadde Sofapartiet nesten 40% tilslutning! Dei som finn feil hos alle parti og seier dei ikkje vil stemme, har sett seg i sofakroken og ventar på DET IDELLE PARTIET. Men DET IDELLE PARTIET finst ikkje. Til og med Jens var ikkje enig i absolutt alt i vårt omfattande program, smilte han. Men han er 100% enig i hovedlinjene våre, dei viktige prioriteringane. Arbeid til alle er jobb nr. 1. Skape og dele. Alle skal med. Dei viktige framtidsmåla Ap arbeider jamt og trutt for å nå. Mi melding til tilhengarar av Sofapartiet er denne:Finn det partiet du er mest enig med OG STEM! Di stemme er viktig og kan bli tunga på vektskåla i vårt fylke og avgjerande for om me får fortsatt raud/grønt fleirtal på Stortinget eller ikkje. I skrivande stund er det “dødt løp” mellom Oppland Aps 4. mandat og Oppland FrPs 2. mandat.
Vist 63 ganger. Følges av 1 person. | ||